Velkommen til Langhuset

Langhuset

Langhus er eit namn på ein type hus som var vanlig i vikingetida og folkevandringstida. Husa har fått namn etter den langstrakte forma si. Gjerne budde menneska i den eine enden av huset, medan ein i den andre enden hadde husdyr. Slik budde ein nær husdyra, og om vinteren fekk ein noko varme fra dyra. Det var gjerne ein eller fleire eldstader i huset, med tilhøyrande ljore i taket som på utsida var dekt av grastorv.

Vårt langhus i Øyfjell er bygd etter sterk inspirasjon av denne hustypa som rommar mange funksjonar under same tak. Idag er me stolte av å kunne seie at me har lukkast med vår plan om å etablere fleire verksemder i same hus, noko som gjev gode synergieffektar.

Du finn oss i Straumekrysset Øyfjell, sør-aust i Vinje kommune i Telemark. Hos oss kan du bestille byggjevarer, torvtak og torvtakservice. Vi leverar også alt innan naturstein og skifer.